
Velkommen til Dyrkolbotn
Dette er plassen mange av oss har gode minner frå og ofte lengtar tilbake til. Vi som er så heldige å ha eigedom her, har hytte her, eller har gode minner frå turar sommar som vinter, eller som hugsar med glede tilbake på opphald ved Leirskulen, vi smiler godt for oss sjølv kvar gong vi er tilbake hit eller tenkjer på dei gode minna.
Informasjon
På denne nettsida vil det etter kvart koma diverse informasjon og bilder som er relatert til Dyrkolbotn.
- Først av alt vil vi gje dykk informasjon om den historiske boka om Dyrkolbotn som vi planlegg å ha klar i løpet av hausten 2026.
- I samband med utgjevinga planlegg vi ei storsamling i Dyrkolbotn der slekt og vener kan møtast. Informasjon og opplegg, samt påmelding vil koma her på sida om litt.
Takk for støtte
Vi takker for bidrag til
å realisere denne boka:
Eviny Fornybar
Botnakraft AS
Alver Kommune
Dyrkolbotn Holding AS
Bildegalleri
Vi sit på ein rik fotoskatt frå Dyrkolbotn, og vil etterkvart legge ut mange av bilda.
Om forfatteren
Vi som arbeider med boka er alle etterkomarar etter Sjur Nilsen Hjørnevik. Torill Eidsheim si bestemor er Astrid som stammar frå Br.nr 1, medan Jorun Aalvik og Helge Dyrkolbotn sine besteforeldre er Haldor og Kaspara frå Br. nr. 2
Avisa Nordhordland hadde ein flott reportasje om bokprosjektet
Foto: Avisa Nordhordland
«10.juli 1776 kom Sjur Nilsen Hjørnevik til Dyrkolbotn. Korleis han oppdaga staden ville vore interessant å vita. Kan godt forstå at han såg mon i plassen. Gode tilhøve for jakt, aure i vatna og vakker natur. Eg har rost finnaren i høge tonar mång ein gong. For meg er det vakraste staden på jord.
No var det vel ikkje naturopplevinga som var det viktigaste for Sjur Hjørnevik. Det var i kampen for levemåten han leita opp staden.»
Alfred Dyrkolbotn
"Men kartet frå 1864 (Figur 6) viser også ein ferdselsåre frå Romarheimsdalen til Mo gjennom Dyrkolbotn. Frå Dyrkolbotn gjekk stigen på nordsida av Instebotvatnet, deretter frå Instebotn opp skaret ved Knolten. Her møtte den forlenginga av Eiterdalen. Stigen gjekk mellom Djupavatnet og Sørdalsvatnet. Så ned Sørdalen til Otterstadsætra og ned langs Stølselva til Grønhaug og så følgde ein inn lags fjorden til Otterstad. Dyrkolbotn låg såleis på vegen mellom frå Masfjorden og Modalen".
Arne Solli
"Jeg lærte så mye om min egen hjembygd! Anbefales på det sterkeste for alle som er interessert i lokalhistorie."
Liv Eriksen
Kontakt oss
Kontaktperson for Dyrkolbotn.no
Helge Dyrkolbotn
Leikvoll 4
5943 Austrheim